Hopp til innhald

Syn og Segn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Syn og Segn

Oppretta1894
Språknynorsk
Målformnynorsk
Nettstadhttps://synogsegn.no

Syn og Segn er eit allmennkulturelt tidsskrift som handlar om politikk, litteratur og samfunn. Det kjem ut fire gonger i året og er på nynorsk. Det Norske Samlaget er utgjevar, medan bladet får støtte frå Norsk kulturfond og stiftinga Fritt Ord.

Tidsskriftet vart grunnlagt i 1894 av Arne Garborg. Seinare redaktørar har mellom anna vore Moltke Moe, Halvdan Koht, Olav Midttun, Bjarte Birkeland, Berge Furre og Hilde Sandvik. Tidsskriftet blei kåra til Årets tidsskrift i Noreg i 2010.[1]

Tidsskriftet er medlemsbladet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og i hovudsak eit abonnementsblad, men finst òg i nokre kioskar og bokhandlar i dei store byane. Bladet er òg tilgjengeleg i bibliotek i store delar av landet.

Redaktørar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ Sigvartsen, Ana Leticia (2010-06-03), «Nynorsk-feiring med champagne», NRK (på bokmål), henta 2020-12-07
  2. ↑ Jubileumskalender 1993 : Det norske samlaget 1868-1993
  3. ↑ «Om Syn og Segn», www.synogsegn.no, henta 2020-11-22

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikisource har original tekst som gjeld Syn og Segn