Hopp til innhald

Julebrev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julebrev frå kardinal Pietro Vito Ottoboni, seinare pave Aleksander VIII, frå 1672.

Julebrev er eit brev ein sender eller mottek til jul,[1] ofte i fleire kopiar til ulike folk,[2] og i lag med julekort eller fotografi. Eit slikt brev kan oppsummera hendingar i året som har gått for sendaren og familien deira.[3]

Julebrev er ei vanleg form for julehelsing.[4] Brevforma er ofte blitt kritisert for at ho rosemålar røyndommen og kan innehalda banale detaljar og vera egosentriske og skrytande.[5][6][7][8]

I kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Hello from The Gillespies av Monica McInerney frå 2014 er ein roman der hovudpersonen fortel sanninga i eit julebrev, i staden for den skjønnmåla versjonen ho har sendt dei siste tretti åra.[9][10]

Julebrev er tittelen på ein roman av Kjersti Herland Johnsen frå 2020.[11]

  1. ↑ «julebrev — Den Danske Ordbog», ordnet.dk, henta 2020-11-14
  2. ↑ «Julebrevforfatter, vær deg selv!», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 2020-11-14
  3. ↑ «Round Robins». Debrett's. Debrett's. Arkivert frå originalen 2014-01-10.
  4. ↑ «Julebrev» i Det Norske Akademis ordbok
  5. ↑ «Julebrev», Boktips (på norsk bokmål), 2014-01-04, henta 2020-11-14
  6. ↑ «Why are round-robin letters so annoying?». BBC News. 22. desember 2008. Henta 10. januar 2014.
  7. ↑ Read, Max (27. januar 2012). «Behold, the Most Obnoxious Christmas Letter Ever». Gawker. Gawker Media.
  8. ↑ Pritchett, Oliver (17. desember 2012). «Three jeers for the round robin!». The Daily Telegraph. Henta 10. januar 2014.
  9. ↑ «Hello from The Gillespies, by Monica McInerney», The Irish Times (på engelsk), henta 2020-11-14
  10. ↑ «Curtis Brown», www.curtisbrown.co.uk, henta 2020-11-14
  11. ↑ «Julebrev | Kjersti Herland Johnsen | ARK Bokhandel», www.ark.no, henta 2020-11-14