Jermain Defoe
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Jermain Colin Defoe | ||
| Fødd | 7. oktober 1982 | ||
| Fødestad | Beckton | ||
| Høgd | 170 cm | ||
| Posisjon | Angrepsspelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag |
| ||
| Nummer | 18 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
1997-1999 1999- |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1999-2004 2004-2008 2008-2009 2009- |
|
93 (29) 139 (43) 30 (15) 47 (21) | |
| Landslag | |||
| 2004- |
| 45 (15) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. desember 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010 | |||
Jermain Colin Defoe (fødd 7. oktober 1982) er ein engelsk tidlegare fotballspelar som har spelt for Tottenham Hotspur sidan 2009.
Jermain vart fødd i London. Mora kom frå St. Lucia og faren frå Dominica. Det fyrste laget Jermain spelte for, var London-klubben Senrab. I ungdomstida spelte han òg for Charlton Athletic før han kom til West Ham United. Han kom på West Ham sitt fyrstelag i 1999. I 2004 bytte han klubb til Tottenham, deretter til Portsmouth før han reiste tilbake til Tottenham i 2009. Han var Tottenham sin toppskårar i Premier League i 2004/05- og 2009/10-sesongen.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Defoe spelte for det engelske landslaget frå 2004. Han fekk ikkje delta i fotball-VM 2006, men var ein del av troppen i fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han det einaste målet i kampen mot Slovenia i gruppespelet. Defoe fekk sin 57. og siste landskamp på Hampden Park i juni 2017. Han var innbytar då Skottland og England spelte uavgjort i ein kvalifiseringskamp til Fotball-VM 2018. Defoe noterte seg for 20 landslagsmål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Engelsk Wikipedia om Jermain Defoe.
- eu-football