Hopp til innhald

Recklinghausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Recklinghausen
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Münster
Landkreis Recklinghausen
Høgd 85 m
Areal 66,5 km²
Folketal 111 693 (31. desember 2023)[1]
Først nemnd i 1017
Postnummer 45601–45665
Retningsnummer 02361
Bilnummer RE
Kart
Recklinghausen
51°37′00″N 7°12′00″E / 51.616666666667°N 7.2°E / 51.616666666667; 7.2
Wikimedia Commons: Recklinghausen

Recklinghausen er ein by i Tyskland i Ruhrområdet i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 110 000 innbyggjarar. Byen er administrasjonsstad i landkreisen med same namn.

Recklinghausen vart først nemnd i år 1017 som Richoldinchuson. Sidan 1150 har byen vore sentrum i det såkalla Vest Recklinghausen, eit forvaltings- og domstolsområde for heile regionen. Vest Recklinghausen høyrte til kurfyrstedømet Köln fram til 1802. I 1236 fekk Recklinghausen fullstendige byrettar.

Mellom 1514 og 1706 vart det brend hekser i byen. Forfølgjinga av heksane hadde sitt høgdepunkt i 1580–1581 og 1588–1589.

Etter at kurfyrstedømet Köln vart avskaffa kom Recklinghausen til hertugdømet Arenberg, i 1811 til storhertugdømet Berg og i 1814 til den prøyssiske sivilstyresmakta mellom Weser og Rhinen. I 1815 vart byen ein del av provinsen Westfalen i Preussen.

I 1949 vart Recklinghausen ein storby, det vil sei at han fekk meir enn 100 000 innbyggjarar. I 1975 vart Recklinghausen sete i kreisen Recklinghausen.

  1. Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Recklinghausen