Hopp til innhald

Raudalgar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raudalgar
Systematikk
Rekkje: Raudalgar Rhodophyta
Wettstein, 1901

Raudalgar (Rhodophyta) er ei plantegruppe som for det meste lever marint. Algane finst særleg på steinar under tidvasslinja, men kan overleve til heilt ned på 250 meters djupne, djupare enn nokon annan plante kan overleva på. Dei får raudfargen frå pigment kalla fykobilin, som maskerer grønfargen klorofyllet deira elles ville ha gjeve dei. Det finst òg fargevariantar som kan vera grøne og nesten svarte. Ein kjenner rundt 6 500 artar raudalgar, inkludert over 160 som lever i ferskvatn, men det er anslått at det kan vera opp til 10 000 ulike artar.[1]

Dei fleste raudalgar er fleircella. Ein del av dei er eincella, men mange artar er koloniorganismar og kan danna individ som kan måla opp mot ein halv meter. Dei fleste er filamentøse og svært buskete.

Fleircella artar i gruppa har gjerne ein komplisert livssyklus:

I haplobiontiske arter er den befrukta eggcella, zygoten, det einaste diploide stadiet (der cella har dobbelt sett kromosom). Ho går gjennom ein meiose som gjev opphav til haploide sporar (som har enkeltsett med kromosom). Gjennom mitose veks desse opp til fleircella algar (gametofyttar). Desse algane produserer nye haploide sporar som i sin tur veks opp til nye gametofyttar. Desse gametofyttane produserer derimot ikkje nye sporar, men kjønnsceller, som smeltar saman til ein zygote og startar syklusen på nytt.

I haplo-diplobiontiske arter gjennomgår zygoten mitose, og utviklar seg til ein fleircella diploid alge (sporofytt). Denne sporofytten produserer diploide sporar som veks opp til nye sporofytter. Desse sporofyttane produserer så haploide sporar gjennom meiose. Dei haploide sporane utviklar seg til ein fleircella gametofytt som produserer kjønnsceller, og desse dannar ein zygote når dei kjem saman.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]