Hopp til innhald

Polmak kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Polmak kommune er ein tidlegare kommune i Finnmark.

Polmak høyrde frå opprettinga av formannskapsdistrikta i 1838 til Vadsø by- og landdistrikt. I 1839 vart Nesseby med Polmak skild ut frå Vadsø. I 1858 vart Nesseby med Polmak igjen innlemma i Vadsø, før Vadsø og Nesseby vart to kommunar att frå 1864. I 1903 vart Polmak skild ut som eigen kommune. Ved opprettinga budde det 450 personar i Polmak kommune. Kommunen omfatta då den nordre delen av Tanadalen frå like over Leavvajohka fjellstue ned til grenda Polmak, i tillegg til vidda i nordvest. Frå grenda Polmak ned til Tana bru omfattar den tidlegare kommunen begge sidene av Tanaelva.

Polmak var sjølvstendig kommune fram til 1964 då området vart innlemma i Tana kommune. Det budde då 1072 personar i Polmak kommune.[1] Polmak var den minste kommunen i Finnmark etter folketal.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Polmak kommune frå 1903 til 1964:

1.1.1903 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964
450 537 626 903 968 1072 1072

«Polmak – kommune» i Store norske leksikon, snl.no.

  1. ↑ Jukvam, Dag (1999). «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» (.pdf). SSB. Henta 28. juni 2009.
  2. ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 1 2 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 1 2 Folkemengd i Polmak 1. januar kvart år frå 1951,frå Statistisk sentralbyrå Arkivert 2004-12-01 ved Wayback Machine.