Hopp til innhald

Piatra Neamț

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piatra Neamț
by
Våpenskjold
Land  Romania
Fylke Neamț
Høgd 310 m
Areal 77,400000 km²
Folketal 79 679 (1. desember 2021)[1]
Borgarmeister Gheorghe Ștefan
Postnummer 610xxx
Retningsnummer +40 02 33
Bilnummer NT
Kart
Piatra Neamț
46°55′39″N 26°22′15″E / 46.9275°N 26.370833333333°E / 46.9275; 26.370833333333
Wikimedia Commons: Piatra Neamț

Piatra Neamț (/'pja.tra 'něamʦ/) er ein by aust i Romania med om lag 80 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i Neamț fylke i den historiske regionen Moldavia. Byen ligg flott til i Aust-Karpatane og elva Bistrița.

Byen ligg 350 km nord for hovudstaden București.

Området rundt Piatra Neamț er eit av dei eldste busette områda ein kjenner til i Romania. Dei eldste spora etter menneske går tilbake til tidleg steinalder, om lag 100 000 år sidan.

Utgravingar like utanfor byen har vist ruinar av ein stor dakisk by kalla Petrodava, nemnd av den greske geografen Klaudios Ptolemaios på 100-talet e.Kr. Sjølve Piatra Neamț vart første gong nemnd i skriftlege kjelder på 1400-talet som Piatra lui Craciun, eller Camena, som då var ein kjøpstad.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]
Kommunen Piatra Neamț innanfor Neamț fylke

Piatra Neamț er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

BusetnadFolketal 2011[2]Folketal 2021[3]
Piatra Neamț82 37577 650
Ciritei773555
Doamna166168
Văleni1 7411 306

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Piatra Neamț