Hopp til innhald

Larus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Larus
Svartbak (Larus marinus)
Svartbak (Larus marinus)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Larus
Linnaeus, 1758

Larus er ei stor biologisk slekt av måsar med verdsomspennande utbreiing, det største artsmangfaldet finst på den nordlege halvkula.

I hovudsak er desse måsane mellomstore til store fuglar. Dei er vanlegvis lys grå til svarte på oversida og kvite på undersida og hovudet, ofte med svarte vengespissar med kvite flekker («speglar»), og hjå nokre artar òg noko svart på stjerten. Nebbet er kraftig og relativt langt, og føtene har symjehud. Om vinteren er hovudet ofte stripete eller skuggelagt i mørkgrått. Ungfuglane er brune og brukar tre til fem år på å få vaksen fjørdrakt, med mellomdrakter som ligg mellom juvenildrakt og vaksen fjørdrakt.[1]

Systematikk og taksonomi

[endre | endre wikiteksten]

Mange av artane er talrike og godt kjende fuglar i leveområda sine. Fram til om lag 2005–2007 vart dei fleste måsar plasserte i slekta Larus, men ordninga har vist seg å vera polyfyletisk. Dette førte til at slektene Chroicocephalus, Ichthyaetus, Hydrocoloeus og Leucophaeus vart tekne opp att for fleire artar som tidlegare var plasserte i Larus.

Taksonomien til dei store måsane i komplekset kring gråmåse og sildemåse er komplisert, og ulike autoritetar har anerkjent alt frå to artar tidlegare til åtte artar i nyare tid.

Slekta Larus vart innført i 1758 av den svenske naturforskaren Carl von Linné i den tiande utgåva av Systema Naturae.[2] Slektsnamnet kjem frå gresk laros (λάῥος) eller latin larus, som truleg viste til ein måse eller ein annan stor sjøfugl.[3]

Typearten er svartbak (Larus marinus).[4] Det latinske namnet tyder «sjømåse», og måsane i denne slekta er generelt dei som vanlegast vert kalla «sjømåsar».

Artsoversyn

[endre | endre wikiteksten]

Medlemmer av Larus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

BileteNorsk namnVitskapleg namnUtbreiingUtbreiingskartStatus
TjukknebbmåseLarus pacificusAustraliaLC
SkarvmåseLarus belcheriStillehavskysten av Sør-AmerikaLC
JapanmåseLarus crassirostrisKystar ved Aust-Kinahavet, Japan, Mandsjuria og Kurilane, til vestlege Alaska i Nord-AmerikaLC
ArgentinamåseLarus atlanticusAtlanterhavskysten av Sør-Brasil, Uruguay og Nord-ArgentinaNT
OskemåseLarus heermanniStillehavskysten av USA, Mexico og heilt sørvest i Britisk ColumbiaNT
FiskemåseLarus canusNordlege delar av Europa og Asia, om vinteren sør til Middelhavet og KinaLC
KortnebbmåseLarus brachyrhynchusNordvestlege Nord-AmerikaLC
RingnebbmåseLarus delawarensisCanada og nordlege USA, om vinteren sør til KaribiaLC
GulfotsvartbakLarus livensCaliforniabukta i MexicoLC
KaliforniasvartbakLarus occidentalisFrå Britisk Columbia i Canada til Baja California i MexicoLC
KaspimåseLarus cachinnansSvartehavet og Kaspihavet og tilgrensande elvedalar, austover inn i Sentral-Asia; om vinteren vest til Europa og sør til kystane av ArabiaLC
TaremåseLarus dominicanusAntarktishalvøya, Sør-Amerika, Sør-Afrika, øyar i Sørishavet, søraustlege Australia og New ZealandLC
GråmåseLarus argentatusNordlege og nordvestlege EuropaLC
SibirmåseLarus vegaeNordaustlege Sibir, om vinteren i Japan, Korea, Sør- og Aust-Kina og TaiwanLC
MongolmåseLarus mongolicusMongolia og søraustlege Russland, om vinteren i Japan, Korea, Sør- og Aust-Kina og TaiwanLC
GulbeinmåseLarus michahellisMiddelhavet og Makaronesia, etter hekking nordover til Dei britiske øyarLC
ArmenarmåseLarus armenicusInnlandet av Tyrkia, Kaukasus og Midtausten, om vinteren i det austlege Middelhavet og PersiabuktaLC
SvartbakLarus marinusKystar i Nordvest-Europa, Nordaust-Amerika og øyar i Nord-AtlanterenLC
PolarmåseLarus hyperboreusKystar kring Polhavet, om vinteren i Nord-Atlanteren og Nord-Stillehavet så langt sør som Dei britiske øyar og nord i USA, òg ved Dei store sjøaneLC
SildemåseLarus fuscusAtlanterhavskystane av Europa og Nordvest-Asia, om vinteren sør til Sentral-Afrika og IndiaLC
PræriegråmåseLarus californicusVestlege delar av Nord-Amerika frå Nordvestterritoria i Canada sør til austlege California og Colorado, om vinteren sør til Vest-MexicoLC
AmerikagråmåseLarus smithsonianusNord-Amerika frå Alaska til Dei store sjøane og nordaustkysten av USA, om vinteren sør til KaribiaLC
GråvengmåseLarus glaucescensKystar ved Stillehavet frå Russland og Alaska til Washington, om vinteren sør til Japan og nordvestlege MexicoLC
SkifermåseLarus schistisagusNordaustlege kystar av Asia, om vinteren sør til Aust-KinaLC
GrønlandsmåseLarus glaucoidesPolhavet langs Canada og Grønland, om vinteren frå Island sør til Dei britiske øyar og nordaustlege USA, underarten thayeri vinterar ved Stillehavskysten av Nord-AmerikaLC
Måsane i Larus tidlegare tolka som ein ring rundt Arktis: 1. L. fuscus graellsii & L. f. intermedius (sildemåse i Vest-Europa); 2. L. fuscus fuscus (sildemåse i Nordaust-Europa); 3. L. fuscus heuglini (underart heuglini av sildemåse); 4. L. vegae birulai (underart birulai av sibirmåse); 5. L. vegae sensu stricto (sibirmåse); 6. L. smithsonianus (amerikagråmåse); 7. L. argentatus (gråmåse)

Den sirkumpolare gruppa av Larus-artar har ofte vorte nemnd som eit klassisk døme på ein ringart. Utbreiinga til desse måsane dannar eit belte kring Nordpolen. Gråmåse, som lever hovudsakleg i Storbritannia og Nord-Europa, kan krysse seg med amerikagråmåse i Nord-Amerika. Denne kan igjen krysse seg med sibirmåse eller «austsibirmåse», der den vestlege underarten birulai av sibirmåse, kan krysse seg med heuglinmåse, underarten heuglini av sildemåse. Sistnemnde kan krysse seg med den sibirske underarten av sildemåse. Denne rekk attende til nordvest-Europa, inkludert Storbritannia.

Men sildemåse og gråmåse er såpass ulike at dei sjeldan kryssar seg, slik at gruppa av måsar dannar eit kontinuerleg belte – bortsett frå i Europa, der dei to greinene møtest. Nyare genetiske studiar har likevel vist at dette eksempelet er mykje meir komplisert enn tidlegare framstilt, og truleg ikkje representerer eit godt døme på ein «ekte» ringart.[7]

Referansar
  1. ↑ Olsen, Klaus Malling; Larsen, Hans (2003). Gulls of Europe, Asia and North America. London: Helm. ISBN 978-0-7136-7087-5.
  2. ↑ Linnaeus, Carl (1758). Systema Naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis (på latin). Vol. 1 (10th utg.). Holmiae (Stockholm): Laurentii Salvii. s. 136.
  3. ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 219. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  4. ↑ Selby, Prideaux John (1840). A Catalogue of the Generic and Sub-Generic Types of the Class Aves, Birds, Arranged According to the Natural System. Newcastle: T. and J. Hodgson. s. 48–49.
  5. ↑ Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (Mars 2025). «Noddies, gulls, terns, skimmers, skuas, auks». IOC World Bird List Version 15.1. International Ornithologists' Union. Henta 14 September 2025. {{cite web}}: Check date values in: |date= (hjelp)
  6. ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF) (11. november 2024). «Norske navn på verdens fugler (IOC14.1)». Birdlife Norge. Henta 10. mars 2025.
  7. ↑ Liebers, Dorit; de Knijff, Peter; Helbig, Andreas J. (2004). «The herring gull complex is not a ring species». Proceedings of the Royal Society. 271 (#1542): 893–901. doi:10.1098/rspb.2004.2679. PMC 1691675. PMID 15255043.Supplemental material: Electronic appendices

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Larus