Hopp til innhald

Filmen Elling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elling
RegiPetter Næss Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Dag Alveberg Sjå dette på Wikidata
ManusAxel Hellstenius Sjå dette på Wikidata
Basert påBrødre i blodet Sjå dette på Wikidata
MedverkandePer Christian Ellefsen, Sven Nordin, Jørgen Langhelle, Per Christensen Sjå dette på Wikidata
KlippInge-Lise Langfeldt Sjå dette på Wikidata
MusikkLars Lillo-Stenberg Sjå dette på Wikidata
SjeffotografSvein Krøvel Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapMaipo Film Sjå dette på Wikidata
DistributørItalian International Film Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato16. mars 2001 (Noreg), 2. mai 2002 (Tyskland)
Lengd85 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknorsk
Sjangerdramakomedie, filmkomedie Sjå dette på Wikidata

Elling er ein norsk, Oscar-nominert film frå 2001 regissert av Petter Næss og basert på den tredje romanen om «Elling», Brødre i blodet, av Ingvar Ambjørnsen.

Elling er den første filmen i trilogien om Elling. Filmen vart Oscar-nominert for beste utanlandske film i 2002. Han kom derimot ikkje med på lista då Dagbladet i 2007 kåra dei 15 viktigaste filmane sidan 1982.

Elling skildrar korleis to tidlegare pasientar ved «Brøynes behandlingshjem» skal klare seg åleine i ei trygdeleilegheit på Majorstua i Oslo, med noko hjelp frå sosialarbeidaren Frank. Medan eine av dei, Elling, slit med angst og fikse idear, er den andre, Kjell-Bjarne, nokså enkel og sexfiksert. Etter kvart lærer dei seg til å takle verda og møter andre menneske.

Rolleliste

[endre | endre wikiteksten]
RolleSkodespelar
EllingPer Christian Ellefsen
Kjell BjarneSven Nordin
Reidun NordslettenMarit Pia Jacobsen
Frank ÅsliJørgen Langhelle
Alfons JørgensenPer Christensen
GunnHilde Olausson
HaugerOla Otnes
JohanneEli Anne Linnestad
Cecilie KornesCecilie A. Mosli
Haakon WillumJoachim Rafaelsen
EriksenPer Gørvell
Servitør på kaféenKnud Dahl

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]